Wordpress på nynorsk

Hadde Ivar Aasen hatt ein Macbook og fiber frå Tussa, så hadde han vore ein stjernebloggar. Og hadde han vore ein stjernebloggar, hadde han brukt Wordpress. Ivar Aasen dot nynorsk, yo.

Dette er Wordpress 2.9.1 på nynorsk. Omsetjinga er ikkje komplett, men vert oppdatert fortløpande.

Korleis installerer eg Wordpress på nynorsk?

Først må du ha installert Wordpress. Nyaste versjon finn du på www.wordpress.org. Deretter, gjer følgjande:

  1. Last ned siste versjon av nn_NO.mo
  2. Legg denne fila i wp-content/languages. (Opprett mappa om naudsynt.)
  3. Opne wp-config.php på toppnivå i din WordPress-installasjon, og finn linjadefine ('WPLANG', ''); Endre denne linja til define ('WPLANG', 'nn_NO');
  4. Hurra!

Om oversetjinga

Denne omsetjinga gjeld kontrollpanelet til Wordpress.

8500 av 14500 linjer er omsette. Resten er framleis på bokmål. MO-fila vert oppdatert fortløpande.

Omsetjinga kan innehalde feil, eller fraser som kan forbetrast. Nokre begrep kan lett diskuterast: bør det engelske "tags" omsetjast til stikkord eller nøkkelord på norsk? "Trash" til søppeldunk eller bosskasse?

Nynorsk WP-forum

Takk til Håvard Krøvel-Velle for denne.

Ta del

Ta gjerne kontakt dersom du har forslag eller innvendingar, så kan vi forbetre denne omsetjinga. Dersom du vil hjelpe til, kan du laste ned prosjektfila nn_NO.po. Denne fila kan redigerast med Poedit.

Send di oppdaterte PO-fil til asgeirhoem@gmail.com, så kan eg legge ut den siste versjonen.

Det vil òg vere behov for korrekturlesarar når omsetjinga nærmar seg komplett.

Dette prosjektet står på skuldrane til Petter frå Neppe.no og Kristin frå theWangens.net, som har omsett Wordpress til bokmål.

Ivar Aasen

"Ven er den vide verdsveven i vårdags liten, då alt som kryr av nyvakt liv er fullt." - Ivar Aasen